Folkefest for skulpturparken og sommarbyen

Det myldra av store og små på Bryne torg laurdag då Fritz Røed skulpturpark vart gjenopna og startskotet gikk for Sommarbyen Bryne

 

Fotograf: Elin Wetås de Jara Fotograf: Elin Wetås de Jara Fotograf: Elin Wetås de Jara Fotograf: Elin Wetås de Jara Fotograf: Elin Wetås de Jara Fotograf: Elin Wetås de Jara Fotograf: Elin Wetås de Jara Fotograf: Elin Wetås de Jara Fotograf: Elin Wetås de Jara Fotograf: Elin Wetås de Jara Fotograf: Elin Wetås de Jara Fotograf: Elin Wetås de Jara Fotograf: Elin Wetås de Jara Fotograf: Elin Wetås de Jara Fotograf: Elin Wetås de Jara Fotograf: Elin Wetås de Jara Fotograf: Elin Wetås de Jara Fotograf: Elin Wetås de Jara Fotograf: Elin Wetås de Jara Fotograf: Elin Wetås de Jara Fotograf: Elin Wetås de Jara Fotograf: Elin Wetås de Jara Fotograf: Elin Wetås de Jara Fotograf: Elin Wetås de Jara Fotograf: Elin Wetås de Jara

Fritz Røed skulpturpark vart opna i 2004. Skulpturane i parken er ei gåve frå kunstnaren Fritz Røed, som vaks opp på Bryne, og dei vart støypte og monterte i samarbeid med lokalt næringsliv.  Nå er heile parken rundt Mølledammen oppgradert, og kommunen inviterte laurdag til fest for å markera nyopninga.
 

Folkehelse og møteplassar
Under opninga sa ordførar Reinert Kverneland at det er kjekt at så mange har teke parken i bruk, mellom anna er det bra for folkehelsa. Han sa også at han håpa parken med tida kunne forlengast opp mot Bryne kyrkje med kulvert over Arne Garborgsveg.

 

Tidlegare rådmann, Brit Nilsson Edland minnest Fritz Røed sitt mål om at skulpturane skulle vera som vers i ei vise og sa at skulpturane var inspirerte av kulturar og forteljingar Fritz var glad i og interesserte seg i der han budde; i Norge, Italia og Mexico.
- Dei som kjende han, kjenner også att ansikta til barn, barnebarn og menneske han vart kjend med i livet sitt, sa ho og gratulerte med den flotte parken.

-Min bestefar var opptatt av å skape møteplassar med kunsten for folk flest, og det syns eg de får til her, sa Fritz Røed sitt barnebarn, Karoline Røed Tønnesen. - Parken har blitt helt fantastisk flott, og me håper den kan bli til mykje glede for liten og stor, la ho til.
 

Vandring i parken
Etter opninga vandra ordføraren og Fritz Røed sine to oldebarn, Oda og Viktor, gjennom parken, fulgt av hundrevis barn og vaksne.  Alle fekk sjå små scenar med barn og unge frå Fantefølge og høyra Jonas Hetland spela trommer medan dei vandra nedover til Bryne Mølle. Der vart det servert is til ungane og kaffe til dei vaksne utanfor Ungdomskultursenteret Møllekjellaren.

Butikkane og restaurantane feira også med gode smakar og tilbod til dei som kom til Sommarbyen Bryne. Nokre oppmoda også til å ta med seg noko godt ut til dei nye spiseplassane i parken. Gabriel Crosswell si stand-up-padling i Mølledammen og kunstvandring i parken med Synneva Erland var også aktiviteter mange sette stor pris på.
 

Vil du vita kva meir som skjer i sommarbyen Bryne? Lik, del og følg Sommarbyen Bryne på Facebook.

Publisert av Elin Wetås de Jara. Sist endra 19.06.2018
Fann du det du leita etter?