Fem vil verta kommunalsjef for oppvekst

Inngang B i Time rådhus (Inngang til kommunestyresalen) - Klikk for stort bilete

Etter at søknadsfristen er ute, er det fem søkjarar til stillinga som kommunalsjef for oppvekst i Time.  Nåverande kommunalsjef Trygve Apeland går over i stillinga som rådmann ved årsskiftet

 

Dei fem søkjarane i alfabetisk rekkefølgje:
 
Jannicke Haugan, 38, Bryne,  dagleg leiar 
Anita Heigre, 54, Ålgård, ledig for ny jobb
Torill Idland, 55, Jørpeland, seksjonsleiar
Jarle Klippen, 46, Sandnes, poliklinikkleiar BUP Bryne
Eskil Nygaard, 49, Sandnes, skulefagleg rådgjevar

Det var opprinneleg ni søkjarar på søkjarlista, men fire har trekt seg før søknadsfristen var ute. 

Administrasjonsutvalet skal fatta vedtak i møtet den 13. desember. 

Publisert av Synnøve Obrestad Skrettingland. Ansvarleg Odd Magne Amdahl. Sist endra 06.12.2017
Fann du det du leita etter?