Eple! Deeååå!

Det vart mange høge rop, andpustne byråkratar og breie smil då Frisklivssentralen i Time markerte verdas aktivitetsdag i går.

Som ein ropar i skogen får ein svar? - Klikk for stort bileteSom ein ropar i skogen får ein svar? Elin Wetås de Jara

 

- Du treng ikkje driva med intervalltrening for å vera fysisk aktiv. Ein enkel leik som dette er knallgod trening, og før ein veit ordet av det har ein trent i 30 minutt, seier Ingrid Edland frå Frisklivssentralen i Time.

 

Damene i Frisklivssentralen lokka i går med seg godt tjue tilsette frå Time rådhus til 30 minutt med fysisk aktivitet i Sandtangen. Målet med verdas aktivitetsdag er å inspirera fleire til å vera fysisk aktive. Helsedirektoratet rår alle til å vera fysisk aktive i 30 minutt kvar dag. Gjer ein det reduserer ein risikoen for kreft, hjarte- og karsjukdommar, diabetes, depresjonar og til saman 30 ulike diagnosar.

 

TEST DEG SJØLV: Kven er eldst - du eller kroppen din?

 

Ingrid Edland og Gunhild Flatin Oftedal i Frisklivssentralen kan hjelpa deg til betre helse. - Klikk for stort bileteIngrid Edland og Gunhild Flatin Oftedal i Frisklivssentralen kan hjelpa deg til betre helse. Elin Wetås de Jara Rettleiing og støtte

- Treng du hjelp til å koma i gang eller rettleiing og støtte for å endra livsstil så kan Frisklivssentralen hjelpa deg. Alle kan ta kontakt med oss for ein uforpliktande samtale. Alt etter kva ein har behov for kan me tilby alt frå individuelle planar til gruppetilbod og ulike kurs, seier Gunhild Flatin Oftedal i Frisklivssentralen.

 

Dine30

Helsedirektoratet står bak kampanjen Dine30 som skal motivera og inspirera fleire til å vera meir aktive i kvardagen. Dei har samla dei seks beste tipsa til korleis du kan sikra deg dine 30 minutt med aktivitet kvar dag:

 

 • Lag faste rutinar som sikrar deg Dine30 kvar dag
• Del Dine30 opp i mindre økter: 10 minutt x 3 = Dine30 og akkurat like bra
• Tenk på trapper, bakkar og omveger som ein moglegheit, kvar gong du blir litt andpusten er det bra!
• Prøv nye ting, gjerne med vener eller kjente
• Lag deg «beredskapsplanar» for alt som kjem til å koma i vegen (det gjer det!)
• Mål skritt eller registrer aktivitet med ein app eller ein aktivitetsmålar (dei fleste nye telefonar har installert målarar). Eller registrer manuelt

 

Vinnarlaget triumferar i Sandtangen etter endt leik. - Klikk for stort bileteVinnarlaget triumferar i Sandtangen etter endt leik. Elin Wetås de Jara

Publisert av Ingve Lende. Sist endra 12.05.2017
Fann du det du leita etter?
 
  • Time kommune
  • Rådhuset, Arne Garborgs veg 30, 4344 Bryne
  • Telefon: 51 77 60 00
  • Telefax:  51 48 15 00
  • Postadresse: Postboks 38, 4349 Bryne
  • E-postadresse:post@time.kommune.no
  • Organisasjonsnr.: 859 223 672
     
Servicetorget 51 77 60 00
Legevakt: 51 42 99 99
Vakttelefon: 90 16 80 99     
  • Ansvarleg redaktør: Brit Nilsson Edland
  • Webredaktør: Elin Wetås de Jara
  • Webmaster: Reidunn Øglænd

© 2013 Time Kommune Design - ACOS / CMS - ACOS InfoLink

vibe
Login for redigering Login for redigering