Endringsvillig og synleg leiar for omsorg som møter framtidige utfordringar

Banner_ledigstilling_kommunalsjef_omsorg - Klikk for stort bilete

 

 

Time kommune er ein kommune i utvikling, og søkjer ein endringsvillig og synleg leiar som vil vera ein pådrivar i vidareutviklinga av kommunen. Kommunalsjefen utgjer, saman med rådmannen og dei andre kommunalsjefane og stabssjefane, kommunen si toppleiargruppe.  

 

Omsorg gjev tenester til alle med behov for pleie- og omsorgstenester delt inn i fire tenesteiningar; institusjon, heimetenesta, miljøtenesta samt psykisk helse og rusarbeid. Velferdsteknologi og nye krav til omsorgstenester er i endring, og kommunen må vær i stand til å møta framtidige utfordringar. Kommunalsjefen har som overordna oppgåve å sikre at styringa av tenestene blir heilskapleg og samordna.

 

Følgjande oppgåver vil vera viktige:

  • Arbeida med kvalitativ strategisk utvikling og leggje til rette for at tenesteleiarane kan følgje dette opp gjennom si operative leiing
  • Leggja til rette saker for politisk behandling
  • Utarbeida og følgja opp resultatkrava i tenesteeininga
  • Økonomisk oppfølging
  • Arbeida med endringsleiing, organisasjonskultur, medarbeidarutvikling og internkommunikasjon
  • Innovasjon- og tenesteutvikling, samt organisasjonsmessig kompetanseutvikling, setja kvalitetsmål og ta initiativ til brukardialog
  • Utarbeida effektive tiltak for omstillingsprosjektar i kommunen, eks arbeidstidsordningar

 

Me søkjer ein tydeleg, robust og handlekraftig kommunalsjef med svært gode relasjonelle evnar, som motiverer dei dyktige tenesteleiarane og som har evne til strategisk tenking. Leiarkandidatar må ha relevant høgare utdanning frå høgskule eller universitet, erfaring frå helse-, levekår- eller omsorgstenestar og erfaring med å leia leiarar. Kommunal erfaring vil bli vektlagt. Du har ei leiarframferd der du klarer å byggja tillit i eiga avdeling, samstundes som nødvendige organisasjonsmessige utviklingstiltak vert gjennomført. Du har evne til å sjå heilskapen, du opptrer med respekt i forhold til folkevalde og medarbeidarar, og har gode kommunikasjonsferdigheiter munnleg og skriftleg.

 

Tenestene er heimla i Lov om kommunale helse- og omsorgstjenester m.m. Omsorg har laga filmen "Dei gode augneblikka" der du kan bli meir kjend med tenestene og nokre av dei som jobbar her. Sjå filmen her.

 

Me gjer merksam på at prosessen vert gjort i samsvar med offentlegheitslova § 25.

 

Søknad med CV sendast elektronisk her   på Visindi.

Søknadfrist er 31.01.18.

 

 

Kontakt Visindi ved Stig Finnerud på tlf. 913 39 600 eller Silje Finnskog Jensen på tlf. 473 04 857 for ein uforpliktande samtale om stillinga. Alle som tek kontakt med Visindi vert handsama konfidensielt, om ønskjeleg også overfor oppdragsgjevar fram til søknadsfrist.

Publisert av Reidunn Øglænd. Ansvarleg Visindi. Sist endra 15.01.2018
Fann du det du leita etter?