Elevar frå Frøyland ungdomsskule set Time og skulen på kartet

programmering DigIT.jpg - Klikk for stort bilete

Elevar frå Frøyland ungdomsskule imponerte samarbeidspartnarar på Nordic Edge. 

Elevar på stand.jpg - Klikk for stort bilete

I førre veke var åtte elevar og to lærarar frå Frøyland ungdomsskule på stand i Stavanger Forum i forbindelse med Nordic Edge. Saman med vår samarbeidsparter ATEA fekk dei vist korleis de arbeider med teknologi og programmering.


«Det var utruleg kult å sjå responsen frå folk som var innom standen, og eg kunne stolt sjå engasjement og dyktighet hos elevar som imponerte med det som dei gjorde - alt frå programmering av Micro:Bit, bygging av robot, Sphero og filmproduksjon», seier rektor Siri Endresen.


Så imponerte var ATEA at dei idag har med seg fire av elevane til Bergen for å gjera det same på messa til ATEA der. Kjekt å setta Time kommune og Frøyland ungdomsskule på kartet på den måten.

 

Meir om Frøyland ungdomsskule

 

Publisert av Synnøve Obrestad Skrettingland. Ansvarleg Eskil Nygård. Sist endra 04.10.2018
Fann du det du leita etter?