Elevane testar skulemiljøet

«Det er nyttig å lære om kor mykje CO2, lys, lyd og varme påverkar oss» seier ein av elevane ved 7. trinnet på Lye skule etter at prosjektet Læra om klima er gjennomført. 

Første veka i mai gjennomførte 7. trinnet på Lye skule målingar av CO2, lys, temperatur, lyd og registrerte dette saman med korleis veret var ute på same tidspunkt.


I klasserommet var det i forkant montert instrument for å kunna gjennomføra målingar i klasseromma.  Dei hadde også tilgang på lysmålar slik at dei kunne finna ut kor i klasserommet det var nok lys til å arbeida i, evt. kor det ikkje var godt arbeidslys.

På avslutningsdagen for prosjektet fekk elevane høyra om kor viktig det var med nok søvn, og korleis for lite søvn kan verka på oss.  Korleis vert me påverka av lyd, lys, luft og temperatur inne og kva er symptoma på dårleg luft?  Dette var tema for førelesing, gruppearbeid og diskusjonar. 

Prosjektet er laga av tilsette i eigedomsavdelinga saman med hovudverneombodet i Time kommune.  Lye skule er første skulen i Rogaland som har foretatt slike målingar av klasseromsmiljøet.  Planen vidare er at alle skulane i Time skal gjennomføra ei slik klimaveke kvart år på 7. trinn. 

Bakgrunn for prosjektet er Grunnskoleloven §9a-5. «Elevdeltaking i skolemiljøarbeide, ligg til grunn for prosjektet.»

Testing av lysforholda  | Fotograf: Synnøve Obrestad Skrettingland Måling av pph | Fotograf: Synnøve Obrestad Skrettingland Måleapparatet som viser alle klimaforhold  | Fotograf: Synnøve Obrestad Skrettingland Slik viser varme og kalde område i varmesøkingsapparatet  | Fotograf: Synnøve Obrestad Skrettingland Gruppearbeid mellom kvart tema  | Fotograf: Synnøve Obrestad Skrettingland Forelesing om kvart tema | Fotograf: Synnøve Obrestad Skrettingland
Publisert av Synnøve Obrestad Skrettingland. Sist endra 19.05.2017
Fann du det du leita etter?