Ein søndagstur med meining

 tvaksjonen 2018.jpg - Klikk for stort bilete

Gjer søndagsturen meiningsfull, meld deg som bøsseberar for TV-aksjonen NRK 2018.  Du melder deg på Blimed.no

I Time trengs det fleire bøsseberarar. Midlane frå årets TV-aksjon går til Kirkens Bymisjon. 

«Mindre alene sammen». Midlar frå Årets tv-aksjon skal vera med å opna dører slik at fleire vert inviterte inn i varmen.  I Norge er det i dag altfor mange som opplever utanforskap.  Nokon manglar ei seng å sova i, andre har ingen å snakka med.  Eitt møte kan endra eit liv, fleire møte kan endra eit heilt samfunn. 
Ver med å gjer ein forskjell! 


 

Spørsmål? Her finn du svar!

Kan eg gå i mitt eige nabolag?
Ja, ta gjerne med familien, eller gå saman med venner. Aldersgrensa for ein bøsseberar som vil gå aleine er 18 år.

 

Når startar me å gå?
Bøsseberarane startar å gå søndag 21. oktober kl.16.00. Møt gjerne 20-30 minutt før slik at me unngår kø når bøssene skal fordelast.


Kor lang tid tek det?
Du må rekna med at ruta tek ca. ein times tid. Ønskjer du å gå fleire ruter er dette også mogleg.

 

Må eg ha bil?
Du treng ikkje bil på Bryne og i sentrum av tettstadane. Om du vel å gå ei rute litt lengre vekke er det ein fordel med bil.

 

Kor skal eg møta opp?
Det er fleire oppmøtestader i kommunen:

- Bryne: Time rådhus, inng. B.
- Hognestad: Forsamlingshuset
- Vestly: Lye fritidsklubb 
- Lye: Lye fritidsklubb
- Kvernaland: Røde Kors huset
- Undheim: Undheimshallen

 

Etter at du er fedig med ruta leverer du bøssa på oppmøtestaden du hadde. Der vert det servert kaffe, kake og ein goe drøs.

Publisert av Synnøve Obrestad Skrettingland. Ansvarleg Anita M. Stokdal. Sist endra 11.10.2018
Fann du det du leita etter?