Byggeskikkprisen 2018

Vinnar av byggeskikkpris 2017. Einebustad frå 1957,  teikna av arkitekt Sverre Brandsberg- Dahl - Klikk for stort bileteVinnar av byggeskikkpris 2017. Einebustad frå 1957, teikna av arkitekt Sverre Brandsberg- Dahl

 

Veit du om bygg eller uteområde som fortener ei ekstra påskjønning?

 

Time kommune er på utkikk etter kandidatar til Byggeskikkprisen og me treng innspel frå deg!

 

Byggeskikkprisen kan gis til nybygg, tilbygg, rehabilitering eller vern, som på ein framifrå måte tek opp i seg dei lokale forholda. Særleg god arkitektur, universell utforming, materialbruk og detaljutforming er tema som vert lagt vekt på.

 

Du kan også nominera parkar, hagar eller uteanlegg som i utforming og tilpassing gjer Time til ein god kommune å opphalda seg eller å vera i.

 

 

Klikk her for å senda inn forslag til kandidatar. Du kan også senda forslag på e-post: post@time.kommune.no eller post: Time kommune, postboks 38, 4349 Bryne.

 

Statuttane for prisen finn du her. (PDF, 303 kB)

Fristen for å senda inn forslag er 20. juli.

Prisen vert delt ut av ordførar kulturkvelden som er første fredag i november

Publisert av Odd Ivar Nese. Ansvarleg Anita Helstrup. Sist endra 15.06.2018
Fann du det du leita etter?