Bryne kino endeleg opna

Opning av ordførarane Ane Mari Braut Nese frå Klepp, Reinert Kverneland frå Time og Jonas Skrettingland frå Hå.  - Klikk for stort bilete Innbyggjarane var inviterte til fest torsdag i denne veka då  ordførarane i Time, Hå og Klepp kommunar saman opna Bryne kino.

I tillegg til innbudde gjester var innbyggjarane inviterte til opning av kinoen og film i alle dei fire flotte salane. 
Kulturhussjef Åse Skrudland og kinosjef Erlend Serigstad viste stolte fram ein flott ny kino.

Rita og Frank Eriksen starta opp festen med ein minikonsert før ordførarane saman klypte filmrull-snora då dei offisielt opna kinoen. 

Ordførarane Ane Mari Braut Nese frå Klepp, Jonas Skrettingland frå Hå og Reinert Kverneland frå Time sette stor pris på at det nå er ny kino på Bryne og heldt fram at dette er ein kino for innbyggjarane i alle dei tre jærkommunane. 

 

 
Bryne kino, Blå på Bryne  - Klikk for stort bilete Foajeen før kinoen  - Klikk for stort bilete Minikonsert med Rita og Frank Eriksen  - Klikk for stort bilete
Publisert av Synnøve Obrestad Skrettingland. Sist endra 05.10.2018
Fann du det du leita etter?