Brukar og pårørande skule

Omsorg i Fritz Røed skulpturpark på Bryne - Klikk for stort bilete

Dette er eit heilt nytt konsept der både personen med demens og pårørande går på kurs samtidig.

Time og Klepp kommune arrangerer brukar og pårørande skule i samarbeid med Jæren demensforening

Når eit menneske får konstatert  demenssjukdom, oppstår det ein ny situasjon som påverkar det daglege livet.Det oppstår situasjonar som er vanskelege å meistre både for den demenssjuke og deira pårørande.

Behovet for kunnskap om demenssykdom er stor.Kurset er for pårørande og personar med demenssjukdom med fokus på å gje informasjon, råd og veiledning om sjukdommen.

Det vil vere åpent for 14 pårørande og 6 brukare. For pårørande er siste del av kvar kveld sett av til samtalegruppe.

 «Skulen» vil gå over 5 gonger,  ein gong per veke med oppstart  23 oktober. Det er lagt opp til to separate «undervisningar» på same tidspunkt. Ein tilrettelagt for personen  med demens og den andre tilrettelagt for pårørande.

I Time kommune er det Demenskoordinator og hukommelsesteamet  som er arrangør.

Ta kontakt om dette kan vera aktuelt for deg!

Brosjyre med program om Pårørendeskule (PDF, 309 kB)og Brukarskule (PDF, 303 kB).

 

 

Publisert av Gunhild Hetland Thrana. Sist endra 11.09.2018
Fann du det du leita etter?