Skip Navigation LinksTime bibliotek > Framside
Informasjon Publisert 06.02.2012
Bokhylle

Er du på jakt etter bøker som har "levd ei stund"? Eller kanskje supplera bokhylla di med romanar du ikkje fekk lesa, eller fagbøker du gjerne skulle eiga?
Nå har du sjansen til å skaffa deg "nye" bøker til gje-bort-pris.

Informasjon Publisert 03.02.2012
Isfiske

Laurdag 4.februar køyrer me fire kortfilmar for barn.
Filmane varer i tilsaman 25 min.
Storsalen i biblioteket kl 12.00
Passar for dei frå ca 5 år
 - og det er gratis!

 

Informasjon Publisert 02.02.2012

Her kjem oversikt over arrangementa i Time bibliotek/Garborgsenteret for februar.

Informasjon Publisert 03.01.2012
Nytt år 2012

Som påtroppande biblioteksjef vil eg på vegne av Time bibliotek ønska alle lånarar og brukarar vel møtt til eit nytt og spennande år. I året som gjekk nådde me ein milepel med rekordstort utlån - over hundre tusen! 2012 vert like aktivt, og ekstra spennande då Garborgsenteret opnar i andre etasje. Så følg med, følg med! Velkomne skal de vera, og GODT NYTT ÅR!

Informasjon Publisert 31.12.2011
Graf over utlånsutviklinga i 2011

Det nye biblioteket har slått godt an! Me kryssa 100.000-grensa for fyrste gong, totalt vart det 100.181 utlån og fornyingar i 2011. Med 6,1 utlån per ibuar er det beste tal sidan 2005 (6,7).

På grunn av tekniske feil er besøkstala litt meir usikre, men på grunnlag av målingar i periodane der utstyret har fungert reknar me med at besøket har vore på om lag 100.000, dvs. dobbelt så mange som i 2010!

Informasjon Publisert 31.12.2011
Gjenferd av Jo Nesbø var mest populær i 2011

Det er inga bombe: Jo Nesbø vart den store utlånsvinnaren i Jærbiblioteka Klepp, Sola og Time i 2011! Trass i at Gjenferd berre var tilgjengeleg i nokre travle haustmånader så slo Nesbø Lindell si bok Sukkerdøden.

Opningtider


Opningstider

Måndag        10-20
Tysdag         10-20
Onsdag         10-20
Torsdag        10-20
Fredag          10-16
Laurdag        10-15


Måndag-fredag kl 7-10 er dørene opne med høve til å nytta lokala og låna på utlånsautomatane.

Ansvarleg redaktør: Brit Nilsson Edland      Webredaktør for bibliotekportalen: Vidar Lund